Soga om Ramnkjell Frøysgode
Bokmålsvariant

Hjelpespørsmål ved lesing av Soga om Ramnkjell Frøysgode

 

Kapittel 1, s.297- 298:
1. Soga begynner  i nynorskutgåva med: "Det var i dei dagar..." Trur du dette er tilfeldig?
2. Kva for ein tidsepoke er hendinga henta frå?
3. Kor er handlinga henta frå?
4. Kva for ein funksjon har draumen i kap. 1?
5. Kvifor er forfattaren så nøye med å knyte hendingane til namn, vegval og stader gjennom heile soga?
6. Kva for ein posisjon har Ramnkjell i samfunnet?
7. Korleis blir Ramnkjell skildra som person på side 298? Blir det brukt direkte eller indirekte personskildring? Kva type synsvinkel er nytta?

Kap. 2, s.298-300:
1. I fylgje soga var Såm "ein storlåten mann og vel kunnig i lova." (nynorskutgåva) ”Såm var lovkyndig (hadde kjennskap til) og stor på det” Oppfattar du dette som eit forvarsel om kva som vil skje vidare i soga?
2. Øyvinds vikingeferd til Miklaferd blir nemnt ("..han gav seg til der ei tid"). Er dette og eit varsel (frampeik)?
3. Ramnkjell gir halve Frøyfakse til Frøy. Kvifor er dette ei sentral hending i soga?        4.Korleis blir Torbjørns sosiale stilling skildra?
5. Kva for haldninger gjer Ramnkjell til kjenne i forhold til Einar?
6. Kva for åtvaring får Einar av Ramnkjell?
7. Frøyfakse går med tolv merrar. Trur du dette talet er tilfeldig valt?

Kap.3 s.300-302:
1. Her bryt forfatteren med den objektive sagastilen. Finn døme på dette. Kva type synsvinkel blir nytta her?
2. Frøyfakse veltar seg tolv gonger. Er dette ein bibelallusjon?
3. Kva eigenskapar blir lagt til Frøyfakse

4. Ramnkjell "gjekk til sengs om kvelden og sov natta over." Kva fortel dette om Ramnkjell?
5. Ramnkjell reid "i mørkeblå klede." Kva fortel dette?
6. Korleis blir drapet på Einar skildra? Er denne skildringa typisk for ættesoger, og kva fortel i så fall dette om mentalitet i vikingetida?
7. Ramnkjells motiv for å drepe Einar kjem fram gjennom eit tankereferat (s.302). Kva var Ramnkjells motiv? Er tankereferat eit bråt med sagastilen? Finn andre tankereferat ut gjennom soga.
8. I vikingetida var det eit viktig skilje mellom drap og mord. Er det som skjer med Einar, drap eller mord?

Kap. 4, s.302-304:
1. Kvifor får Torbjørn eit så godt tilbod om bot frå Ramnkjell?
2. Kvifor avviser Torbjørn Ramnkjells tilbod, og kva fortel dette om Torbjørn og mentalitet i den tida soga er henta frå?
3. Korleis oppfattar Ramnkjell Torbjørns avslag?
4. Kvifor vil ikkje Bjarne hjelpe Torbjørn, bror sin?(s. 303)
5. Kvifor hjelper Såm Torbjørn, og kva meiner Såm om Torbjørn?                                    . 6.Ramnkjell (nynorskutgåva)"måtte le då han høyrde at Såm hadde teke saka mot han." Kva fortel dette om Ramnkjell og ættesamfunnet?


Kap. 5, s.304-311:
1. "Vinteren gjekk" er alt som blir fortalt om denne vinteren.(s.38) Kva fortel dette om ættesogene som sjanger?
2. Vegvalet som både Ramnkjell og Såm nyttar til Alltinget, er nøye stadfesta. Kvifor?
3. På side 306 får vi vite at Torbjørn "græt". Samsvarar dette med det norrøne mannsidealet?
4. Vi får vite at Torkjell har vore utanlands i "sju år".(s.307) Trur du dette talet er tilfeldig valt?
5. Historia om tåa til Torgeir har visse eventyrtrekk. Forklar dette? Er historia truverdig?
6. På side 310 får vi vite at Såm og Torbjørn var (Nynorskutgåva)"kåte og glade.  (Bokmålsutgåva)” rent opp i været av glede”" Kva type synsvinkel og personskildring er nytta her?

Kap. 6, s.311 -312:
1. Her finst fleire tankereferat. Finn desse.
2. Kva fortel rettssaka mot Ramnkjell om rettssamfunnet på den tida?

Kap. 7, s.312-315:
1. Forklar kva som ligg i orda "feransdom" og "skoggangsmann". Kva fortel dette om samfunnet i vikingetida?
2. Både Torgeir og Såm rir mot Ramnkjell med 40 mann. Korleis tolkar du dette?
3. Legg merke til stadfesting av vegval tilbake frå tinget. Kvifor er dette viktig å få fram?
4. Ramnkjell ber om livet for mennene sine. Kva fortel dette om Ramnkjell?
5. Ramnkjells menn blir hengt opp etter beina. Kva verkemiddel blir nytta i denne skildringa?
6. Såm seier nei til Ramnkjells tilbod om løysepengar for seg og mennene sine. I staden får Ramnkjell valet mellom å bli drepen eller gje frå seg Adalbol og hovdingmakta. Handlar Såm klokt sett med den tids briller?
7 S.315. Her blir folkesnakk referert. Korleis tolkar du dette? (Nynorskutgåva"ovmods æve") (Bokmålsutgåva ”hovmod står for fall”
4. Her blir daglegliv skildra. Er dette vanlig i ættesoger?

Kap. 8, s.315-316:
1. Her får vi vite at folket godtok Såm som overmann (Nynorskutgåva)"endå dei tenkte så ymist".(Bokmålsutgåva)”enda de tenkte så ymse om det” Korleis tolkar du dette? Kva verkemiddel er nytta her?
2. Må drukninga av Frøyfakse og eldsetjinga av gudehuset til Ramnkjell tolkast som ei symbolhandling?

Kap. 9, s.316-317:
1. Korleis endrar Ramnkjell seg etter han får høyre at Frøyfakse er drepen og gudehovet brent? Ligg det ein kristen bodskap i denne skildringa?
2. I slutten av kapittelet får vi vite at Såm "var svært glad i stas." Korleis tolkar du dette?

Kap. 10, s.317-320:
1. Øyvind har vore utanlands i sju år. Bibelallusjon?
2. Korleis blir Øyvind skildra?
3. Alle rir i "farga klede." Korleis tolkar du det?
4. Ei taus driv Ramnkjell til å bruke Øyvind som hemnoffer. Er tausas rolle realistisk? Kvifor trur du Ramnkjell høyrer på det rådet han får? Kva rolle har kvinner ofte i ættesoger?
5. Kva klede nyttar Ramnkjell, og kva fortel dette om motiva hans?
6. Korleis tolkar du Øyvinds reaksjonsmønster?
7. Drapet på Øyvind er ikkje skildra med eitt ord, mens rideruta forut for drapet er referert i detalj. Er dette typisk for ættesogene som sjanger?
8. Ramnkjell mistar 12 menn. Bibelallusjon? 

9. Korfor var det viktig for Ramnkjell å drepa Øyvind?                                                                                                                                                                                                                                                                                                      

Kap. 11, s.321 - 322:
1. Ramnkjell tek Såm på senga og gir han dei same vilkåra som han sjølv fekke av Såm. Kva slags verkemiddel er dette?
1. Her blir brukt ulik personskildring. Finn desse.
2. Såm reiser til Tjostarbrørne og var der (Nynorskutgåva)"ei veke og kvilte seg" (Bokmålsutgåva)s.322 ”Såm ble der en uke og hvilte seg” ”før "han fortalde kva som var hendt mellom Ramnkjell og seg". Korleis tolkar du dette?
3. Torgeir fell ein hard dom over Såm. Er du samd i denne sett med ein vikings briller?